<$BlogRSDUrl$>

6.12.04

Brev frå Frosta 

Til
Kongen!

Hundraden af Frostingar, som den lukkelege Utgang paa den politiske Kampen vaar samlade til Fest, lyt faa Lov aa senda Dykkar Majestæt sin hjartelege Tak fyr dei folkekjære Menn, som no er benkjad om Kongens Raadsbord.

Vi kjenner det so væl, at ved denne Avgjerda og det, ho maa hava i Fylgje med sig, vil Folket her i Norig atter verta glade og trygge.

Konge og Folk vil no standa fast saman i Arbeidet fyr aa fremja Fedralandets Heider og Lukke.

Frosta i Juli 1884

C. Skar
J. Qvarme
H. Juberg
-----------------
Ole Richters privatarkiv, Universitetsbiblioteket i Trondheim

Eg har bladd gjennom den omfattande korrespondansen til Ole Richter frå åra 1884-1885 i dag. Freistingane står i kø. Det er mykje ein kan fordjupe seg i når ein får slike "hands on"-opplevingar av avgjerande fasar i norsk politisk historie. Eg må prioritere strengt det som er direkte relevant for studiet av Elias Blix, og elles vise til spesiallitteratur (Per Fuglum er eit framifrå tips). Men for dette brevet gjer eg eit unnatak. Dei var myndige, frostingane. Venstreforeining hadde dei skipa i 1883, og dei skriv landsmål til kongen sjølv - med dette følgjebrevet til trønderen Richter:
Statsminister Richter!

Vi tek os den Friheita aa bede Her Statsministeren bringa fram Frostingannes Tak aat Hans Majestæt.
Om Richter faktisk gjorde det, veit eg ikkje. Brevet til kongen ligg altså i hans arkiv, og ikkje i kongens.

Det var ikkje første gong frostingane nytta landsmålet i offisielle samanhengar. Ifølgje bygdeboka (s. 37) skal følgjande brev vere det første stortingsdokumentet på landsmål, prenta som vedlegg til Stortingsdokument 73/1879. Det gjeld flaggsaka:
Til Stortinget! I eit større Møte her idag den 19. april vardt det einstemmigt vedtikkjet aa senda Tinget den Helsingji, som her kjem: Forsamlingi ynskjer, at Flagget og Fanorne maa verdta fastsette ved Log. Vi har den visse Voni at Stortinget vil veta aa avgjera Sakji paa ein Maate, som samhøver likso vel med Fedralandets Sjølvstøda og Æra som med Unionen.

Frosta den 19. april 1879.
# lagt inn 6.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?