23.12.04
Båtar
Lat meg begynne gjennomgangen av skifta etter foreldra til Elias Blix med båtane. Eg er ikkje så god på nordlandsbåtar, men eg har hatt stor nytte av denne oversikta.
1840-skiftet: Peder Christophersen let etter seg "1 Sexrings Baatnøst" (seksringsnaust), og "1 Skotkjæppings Baad med Dræg, Seil og Behør", taksert til 9 spesidalar. Naustbygningen var taksert til 12 dalar. Skottkeipingen er ei mellomstor utgåve av nordlandsbåten, "en Baad med fire Aarepar og uden Lastrum" (Aasen 1873). Den er altså mindre enn "storbåtane" åttring og fembøring, men stor nok til å reise på lofotfiske med, så vidt eg kan forstå. Her tek eg gjerne imot sakkunnskap! Var desse båtane meir eigna til line- enn til garnfiske, til dømes?
1857-skiftet: Den mest markerte skilnaden på desse åra ligg nok på båtfronten. Stefar Ole Helgesen rår over ein langt større flåte. No er det to naust, "Nordnøstet" som er eit fembøringsnaust, og "Lillenøstet" (bygningane er takserte til 26 resp. 6 dalar). Og her er i alt heile seks større og mindre båtar:

1 guulmalet Fembøring med fuldt Behør | 30.0 |
1 Fembøring med Seil/Dræg og øvrig Tilbehør | 18.0 |
1 Ottring med Seil og Dræg | 12.0 |
1 3rums Baad med Behør | 7.0 |
1 ældre Do. | 2.60 |
1 Færing | 1.24 |