<$BlogRSDUrl$>

14.12.04

Dagens Blix 

Ein Saknad saar eg heve røynt: / Min Gud sitt Andlit heve løynt,
Eg einsam gjeng i Villa.
Kor er daa Livet audt og turt, / Naar du, min Gud, vil ganga burt!
Mitt Hjarta lid so illa, / Du eine kann det stilla!

Som Vaktmann stundar etter Dag / Og teler trutt kvart Klokkeslag,
So stundar eg og gjæter.
Og Timar lida, ein um Senn / Men ingen Morgon fyr meg renn.
Og Taara Augat væter / Dei lange, lange Næter.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 7

Første og femte verset av ein salme som tydeleg er skriven etter mønster av den gammaltestamentlege klagesalmen. Ein salme i anfekting, for syndarar, tvilarar - og for svevnlause. Det går bra til slutt.

Heile salmen.
Sundagens Blix.
# lagt inn 14.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?