<$BlogRSDUrl$>

28.12.04

Dagens Blix 

I denne søte Joletid / Me maa vel sæle vera
Og bruka all vaar Kunst og Id / Guds Naade høgt aa æra.
Ved den, som er i Krubba lagt / Me vil av all vaar Raad og Magt
I Hjartat søtt oss hugga.
Din Pris skal ljoda, Frelsarmann! / So vidt og breidt um Land og Strand,
At Jordi reint skal rugga.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 13

Og no, etter klassikarane frå reformasjonshundreåret, kjem Brorson. Ikkje med prestefavoritten "Mitt hjerte alltid vanker", men med "I denne søde juletid" og "Den yndigste rose er funnen".

"Søt" er eit ord Blix har ein tendens til å unngå. Men når det er jul, får det vere med.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1870-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 28.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?