1.12.04
Ingvald
Orkar du ei trist barnehistorie til? Kjelda er nok ein gong kyrkjeboka for Gamle Aker.
Ingvald Blix var det femte barnet til Emma og Elias, etter Hans, Marie, Signe (†) og Helge. Han var fødd 22. august 1878 og døypt i Gamle Aker kyrkje 3. november. Men han vart berre tre år gammal. Han døydde 12. desember 1881 og vart gravlagt 17. desember. Ei spesiell jul for familien Blix det året òg, med andre ord. Dødsåraka er oppgjeven til "Morbelli", noko eg tolkar som meslingar (morbillis).