<$BlogRSDUrl$>

7.12.04

Lærarlagnad 

Det er hardt å vere lærar.

Dagens arbeid med sokneprestarkivet for Gildeskål har mellom anna gjeve eit endå klarare bilete av skoletilhøva i prestegjeldet på 1840-talet. Ved inngangen til dette tiåret hadde ein fire lærarar, to av dei var slektningar av Elias Blix. Vel kjend er kyrkjesongar Helge Helgesen, den første læraren til E. B. og farbror til mor hans. Mindre kjend er Peder Johan Johnsen. Han var gift med Doret Christoffersdatter, faster til Elias Blix, og budde i nabogrenda Mårnes. Men lærardistriktet sitt hadde han eit stykke unna, han var lærar i dei austre delane av Gildeskål og måtte vere mykje borte. I 1842 måtte han slutte, på grunn av "varig Legemssvækkelse" som følgje av eit forlis på skoleveg og eit syn som vart stadig dårlegare. Den vesle gardparten kunne ikkje brødfø den store familien, og soknepresten skreiv ei pen anbefaling til kasseraren for den nordlandske kyrkje- og skolefondet om pensjon, noko som vart innvilga. Slikt var alt anna enn sjølvsagt i dei dagane.

Yngste son til Doret og Peder, Andreas, var jamngammal med Elias Blix, og dei var mykje saman som barn. Finn Tømmerberg er ætling av denne Andreas, og han har eit tilfang av eigen familietradisjon i boka si om Elias Blix.
# lagt inn 7.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?