<$BlogRSDUrl$>

18.1.05

2. Tromsø 

I førre veke sende eg frå meg eit utkast til kapittel 1 i biografien. No er eg i gang med å gjennomarbeide kapittel 2, "Tromsø (1853-1859)". Der har eg alt skrive eit førsteutkast, så eg håpar det skal gå litt fortare denne gongen! Du vil finne mykje av materialet mitt om du ser etter i arkiva frå august til desember 2003.

I mellomtida kan du jo sjå på bileta av den gamle seminarbygningen i Tromsø, der Blix budde i 1853-1855, her og her.

Og svært takksam er eg om du kan hjelpe meg med eit uløyst spørsmål: Kva var adressa til Elias Blix i åra 1855-1859? Han var ikkje lenger på seminaret, men budde framleis i Tromsø.

Eg har greidd å lokalisere nesten alle bustadene til Elias Blix gjennom hans 65-årige liv. Men ikkje denne.
# lagt inn 18.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?