<$BlogRSDUrl$>

11.1.05

Dagens Blix 

So døydde Herodes, Englen kvad, / At Utlegdi var til Ende.
Men endaa din eigen Fedrastad / I Vantru seg mot deg vende.
Og jamvel av Frendar møtt med Hat, / Du framand paa Jord deg kjende.

Aa Jesus, som du eg her paa Jord / Som framand til Himmels stundar.
Aa send meg ein Engel med eit Ord / Til Heimlov, fyrr her eg blundar!
Og lat honom so meg leida heim / Der upp i dei ljose Lundar!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 26

Vi er komne til "Sundag etter Nyaar" i fjerde utgåva av Nokre Salmar. Frå "Min Jesus, som er so hjartegod" gjev eg att dei to siste strofene. Dei får fint fram det typiske ved salmen, som var ny i 1891-utgåva. "Framand" er nøkkelordet. Salmen kan lesast som et utdjuping av lina "Gjeng som ein framand i Verdi" i "Jesus, du er den Himmelveg" (jfr. Johannes 1,9-11). Men dette er ein evangeliesalme bygd over forteljinga om flukta til Egypt, Matteus 2,13-23. Forholdet til teksten er noko friare enn det vi ofte ser i "evangelierima" til Blix. Her er det meir av allusjon enn parafrase. Det nest siste verset gjer òg ein visitt i Nasaret, Lukas 4,14-30.

I siste strofe hamnar Blix, som så ofte, i himmelen. Denne kjensla av å vere framand i verda høyrer til i klassisk pilegrimsfromheit og finst i mange variantar, frå Det nye testamentet til gnostikarane til John Bunyan. Men nett her er det for ein gongs skuld freistande å leggje ein biografisk lesemåte på ein Blix-salme. Salmen er skriven av ein mann som heile livet sitt budde i leigt husvære, for det meste i storbyen. Han var godt sosialisert inn i ein høgborgarleg levemåte, men kan hende ikkje heilt heime likevel? Alle heimlengt-dikta han skreiv mot slutten av livet (med "Barndomsminne. Fraa Nordland" som det mest kjente) kunne tyde på det.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 11.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?