15.1.05
Dagens Blix
Aa tenk paa Gud i Ungdoms Aar! / All Vokster god maa gro um Vaar,
Um han skal Grøda giva. / So lat daa Gud ditt Hjarta faa
Fraa Ungdom og til Alder graa! / Daa vert det Lyst aa liva.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 31
Ein må innrøme at mykje av nyproduksjonen i 1891-utgåva av Nokre Salmar er heller traust. Å skrive salmar til kvar einaste sundag i kyrkjeåret inneber mange pliktøvingar. Men så glitrar det plutseleg innimellom, som her. Salmen er vokse fram frå ei av verdslitteraturens sterkaste skildringar av alderdom, Forkynnaren 12,1-8. (I parentes: Forkynnaren - eller Preikaren, eller kva boka no skal heite på norsk - er emne for ei av dei første verkelege teologiske fagbøkene på nynorsk, Peter Hognestads Preikaren: Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet [1915]. Parentes slutt). Men Elias Blix har eit langt meir harmonisk og optimistisk syn på livet enn Preikaren. Sistnemnde sluttar med det kjende refrenget "Berre ideleg fåfengd, seier Forkynnaren; alt er fåfengd!" Blix, derimot:
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.

Gud, lat daa bløma i kvar Bygd / Ein Ungdom rik paa Tru og Dygd,Salmen er framleis i aktiv bruk, sjå Norsk Salmebok nr. 403.
Og lær deim Kristi Lydnad! / Og lat so alle Gamle faa
Den gode Alders Kruna paa, / Den kristne Rettferds Prydnad!
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.