<$BlogRSDUrl$>

17.1.05

Dagens Blix 

Sjaa, han gjeng inn til syndug Mann!/ So yver Jesus dei klagad.
Men denne Syndar Livet vann, / Sælt i hans Hjarta det dagad:
Livet, han storleg stundad paa, / Ljoset, han lengtad saart aa sjaa,
Saag han i Frelsarens Aasyn.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 33

Denne salmen er mellom dei enno levande, faktisk mellom dei mest populære Blix-salmane. "Sjå, han gjeng inn til syndig mann" finn du på nr. 341 i Norsk Salmebok. I utgangspunktet er dette ein evangeliesalme over forteljinga om Sakkeus, Lukas 19,1-10. Men den er litt meir kompleks enn dei enklaste rimpreikene. Tematikken er sentral, enkel og evangelisk. Tradisjonelt og enkelt er òg det homiletiske skjemaet explicatio (strofe 1-2) - applicatio (frå vers 3 og utover). Men her er ei fin språkleg og intertekstuell utpensling av det tradisjonelle motivet. "Livet" og "ljoset" i strofe 1 kjem ikkje frå Lukas-forteljinga, men er sentrale omgrep i Johannesevangeliet. Slutten av strofe 4, "Sæl den, som fagnar deg i Tru! / Der vil du ganga inn og bu, / Der vil din Nattverd du halda," spelar på Johannes' openberring 3,20. Og det er sikkert fleire døme.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 17.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?