<$BlogRSDUrl$>

22.1.05

Dagens Blix 

Ein Baat i Stormen duvad, / Men Jesus var um Bord.
Hans Læresveinar gruvad, / Daa Baara braut paa Fjord.
Men sjaa, daa Jesus vaknad / Og trugad Storm og Hav,
Daa Vind og Vaagar spaknad, / Og Vedret stillnad av!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 36

Vi er komne til "4. Sundag etter Trettandedag" i Nokre Salmar (4. utgåve). Sidan vi i morgon feirar sundag nummer tre etter Trettandedag, kunne ein tru at vi no låg framfor ruta og måtte ta det litt rolegare. Men kyrkjeåret har lurt meg i år: Fordi påska kjem så tidleg, kjem alle sundagane framfor påska tidleg, og nokre av dei får ikkje plass. Så kyrkja hoppar rett og slett over dei fleste sundagane i openberringstida - eller "etter Trettandedagen", som det heiter hos Blix - og eg hamnar på ny langt etter ruta. I morgon er det Såmannssundagen (Blix: Sundag sexagesima). Dit kjem vi først om ei vekes tid, tenkjer eg.

Nok om det. "Ein båt i stormen duva" er formelt like mykje evangelierim/rimpreike som fleire av dei salmane vi har sett på i det siste. Moderne hymnologar er ikkje særleg glade i denne forma.

Men nett denne salmen har nokre kvalitetar som gjer at den ikkje berre har overlevd, men til og med er mellom dei mest populære Blix-salmane. Det er sjølvsagt nærleiken til natur og daglegliv som gjer det. Ei stor kystbefolkning har kunna kjenne seg sjølv og nærmiljøet sitt att i denne skildringa. Det er evangeliet på norsk, Blix på sitt beste. Og så er dei jo her, alle dei verkemidla som har fått Einar Økland til å seie: "Når ein går på den smale veg i Blix sine ordleggingar, kjennest det som å gå i eit par gode sko." Sjå på bokstavrima "Brim og Baara" (strofe 3, for øvrig nytta som platetittel av Bodø Domkor) eller "Maal og Med" (strofe 6).

Salmen lever i beste velgåande, på nummer 470 i Norsk Salmebok. Det vil seie, ein har stroke nest siste strofe. Der kjem det plutseleg eit veg-vers mellom alt båtpreiket, og det lika ikkje sensorane. Vel, vel.

Og ja, det gløymde eg nesten, det er Matteus 8,23-27 som er evangelietekst for sundagen.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Onsdagens Blix.
# lagt inn 22.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?