<$BlogRSDUrl$>

6.1.05

Helge Dahl 

Aftenposten (morgonutgåva, papir) har i dag ein nekrolog over Helge Dahl, som døydde 83 år gammal 16. desember i fjor. Den er skriven av to kollegaer ved Pedagogisk forskningsinstitutt, Universitetet i Oslo, Anton Hoem og Knut Tveit.

Helge Dahl skal få sitt vesle minnesmerke på BlixBlog også. Han er skolehistorikaren som har skrive standardframstillinga om norsk skole- og kulturpolitikk andsynes samane, Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905 (Oslo: Universitetsforlaget, 1957), OG den om norsk lærarutdannings historie, Norsk lærerutdanning fra 1814 til i dag (Oslo: Universitetsforlaget, 1959). Dessutan har han to gonger skrive jubileumsskrift for Tromsø lærarskole, det gamle Tromsø Seminar, i 1952 og i 1976.

Helge Dahl har vore ein av dei viktigaste premissleverandørane for Blix-biografien min. Eg kjem til å vektleggje Tromsø-tida til Elias Blix i høgare grad enn det som før har vore tilfelle, eg kjem til å framheve lærarrolla som fundamental for å forstå Blix og livsprogrammet hans, og eg kjem til å kartleggje dei møtepunkta han hadde med samisk språk og kultur, som før har vore usynleggjorte.

Eg kjende aldri Helge Dahl personleg. No er han borte. Men arbeidet hans set spor.
# lagt inn 6.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?