18.1.05
Sensur
I dag kom kommentarane frå sensor Solveig Aareskjold til eksamensmappa mi. Eg har visst stått. Dermed er det faglitterære forfattarstudiet til ende for min del. Eg kan vel ikkje seie at eg kjenner meg som utdanna faglitterær forfattar, men studiet har vore svært viktig for utviklinga av dette prosjektet. Og så har eg hatt det privilegiet å bli kjend med mange hyggelege skrivande menneske. No er det altså slutt. Men først er det fest, 4. februar.