<$BlogRSDUrl$>

1.2.05

Dagens Blix 

Det er so godt aa vitja / Guds Hus og Heilagdom paa Jord.
Det er so sælt aa sitja / Og lyda paa Guds gode Ord.
Der er det godt aa tjelda / Fyr trøytte Ferdamann.
Der inn ved Livsens Kjelda / Gror Liv i aude Land.
Og der den Kjelda surlar, / Der byggja Fuglar smaa.
Den arme Duva kurlar / Og lengtar dit aa naa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 43

Denne salmen set eg svært høgt. Den er kan hende den beste samanfatninga av Elias Blix' karakteristiske kyrkjefromheit. Som eg har skrive før:
Skal eg plukke ut ein programsalme i produksjonen til Elias Blix, er denne ein sterk kandidat. Her finn du både det fine nettet av bibelske referansar, den doble forankringa i kvardagsliv og kyrkjerom, naturbileta og nasjonsbygginga på bibelsk grunn.
Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 1.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?