<$BlogRSDUrl$>

13.2.05

Dagens Blix 

Av berrre det Braud, som gror paa Jord, / Kann Menneskja ikkje liva.
Det livande Braud er Herrens Ord, / Som Livet i Gud kann giva.
Som Manna det fell i hungrig Hug, / So Hjartat av Lyst maa biva.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 47

Første sundag i faste i dag. Denne salmen er ein meditasjon over den første av dei tre freistingsscenane i Matteus 4,1-11, evangelieteksten for dagen. Brødet er eit symbol med ein svært rik bibelsk klangbotn. Guds omsut for det daglege brødet er ein streng som svingar med, frå forteljinga om manna-underet i ørkenen til den fjerde bøna i Fadervår. Men like tydeleg er strengen "Mennesket lever ikkje berre av brød". Første og siste strofe av salmen formulerer dei to bibelske hovudtankane: "Det livande Braud er Herrens Ord" (1); "Du Jesus, som sjølv er Livsens Braud" (6).

Salmen står i Norsk Salmebok på nr. 558, men i skamklypt utgåve. Det kan nok vere at ikkje alt i Blix-teksten er like godt (sjølv har eg størst problem med den femte og nest siste strofa). Men her har ein gjort det kunststykket å fjerne alle spor av evangelieteksten som i si tid var utgangspunktet for salmen. Dette er ikkje den salmen Blix skreiv, og det gjeld sjølv om kvart ord i Norsk Salmebok nr. 558 er skrive av Elias Blix!

"Om Blix's evangeliesalmer vil jeg til slutt si at vi kan ikke forkaste dem alle til hope. Jeg vet iallfall en som vil bryte igjennom: "Av berre det braud, som gror på jord, kann menneskja ikkje liva," skreiv hymnologen H. Blom Svendsen (1955, s. 116) velviljug.

Likevel er ikkje salmen så mykje i bruk. Eg trur valet av ein lite kjend Jakob Sletten-melodi i Norsk Salmebok var uheldig. Blix oppgjev sjølv tonen "Den signede dag som vi nu ser". Meir vellukka, synest eg, er "Jeg vet meg en søvn i Jesu navn" (sjå Norsk Salmebok 856), som i Landstads reviderte og Nynorsk Salmebok.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Fredagens Blix.
# lagt inn 13.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?