<$BlogRSDUrl$>

22.2.05

Dagens Blix 

"Kvinna, sjaa di Tru er stor. / Som du vil, det gange!"
Fraa det rike Naadens Ord / Strøymer Livsens Ange.
Det var Herrens Ord ein Gong / Til ei Heidning-Kvinna,
Som, so langt der ljodar Song, / Stødt skal Hjarta vinna.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 50

Først her kjem den eigentlege evangeliesalmen for 2. sundag i faste, bygd på forteljinga om den kaananeiske kvinna i Matteus 15,21-28. Om Blix kjenner Grundtvigs tekst frå 1853 i original eller berre gjennom Landstads salmebok (nr. 276), spelar lita rolle, Landstad følgjer originalen svært tett.

Til denne sundagen har altså Blix ikkje levert noko originalt bidrag. Landstad har både Luthers "Af Dybsens Nød" (nr. 273), Brorsons "O Gud, Forstanden fatter ei" (274) og Grundtvigs "Kvinne, se din Tro er stor" (276).

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 22.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?