15.3.05
Dagens Blix
Maria ho er ei Jomfru rein, / Som Gud vilde Miskunn visa.
Ho fødde ein Son forutan Mein. / Me honom lova og prisa.
Han hev oss alle fraa Syndi løyst, / Han give oss Trøyst
Og Himmerikes Lisa!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 56
Og her er den gamle Maria-visa, etter Thomissøns (og Landstads, nr. 297) salmebok.
Eg burde vel visst dette, men eg har ikkje landsmålstestamentet (1889) heime: Når blei Maria møy? I denne salmen er ho altså "jomfru". Det kan vere av pietet for den gamle Maria-visa, som var godt innarbeidd i folkeleg og kyrkjeleg song. Men eg ser at Blix vekslar ein del i ordbruken. Resultat hittil i Nokre Salmar:
Sundagens Blix.

- "Møyi vart Moder, Gud vart vaar Broder, / Gud vart vaar Broder i Jolenatt."
(Kling no, klokka) - "Den Møy med Herrens Hugnad sæl / Ved Gabriel / Guds Naade-Helsing kjende."
(No kjem det Bod fraa Englekor) - "Idag er dykker fødd ein Svein / Utav ei Jomfru klaar og rein,
Ein liten Son so væn og grann / Til Gleda fyre alle Mann."
(Fraa høge Himmel kjem eg her) - "Han føddest av ei Jomfru fin, / Vart Broder min og Like."
(No møte aalmennt, Kristenfolk)
Sundagens Blix.