12.3.05
Sidemålsføljetongen
Siste - hittil:
Sidemålsføljetongen i Oslo held fram. Etter at ingen norske fagmiljø ville evaluera sidemålsprosjektet og Göteborgs Universitet i forrige veke trakk sitt tilbod, fortalte utdanningsdirektørane Astrid Søgnen i Oslo og Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet at dei hadde eit nytt forskingsmiljø på handa. Dei ville likevel ikkje fortelja kva for eit forskingsmiljø det dreidde seg om.Les meir i Dagsavisen
– Me har blitt kontakta av Oslo kommune og spurt om me kan laga ein plan for oppfølging av sidemålsforsøket som er metodisk forsvarlig. Det har me sagt ja til. Men om me også skal gjennomføra sjølve evalueringa, er ikkje avklart, seier direktør Petter Aasen i NIFU STEP, som er kortforma av Norsk institutt for studier av forskning og utdanning og Senter for innovasjonsforskning.
Tull
– NIFU STEP har ikkje peiling på leseforsking og språkforsking, som vil vera heilt nødvendig her. Det NIFU STEP kan tilby, er ikkje det ein spør etter. No er det på høg tid at politikarane grip inn og får ein slutt på dette tullet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.