<$BlogRSDUrl$>

22.5.05

April 1905 

Nytt frå Romsdals amt - april 1905
Ein annan diktar det er mykje usemje om, er Elias Blix. På denne tida hadde han vore død i fleire år, men salmane hans var framleis kontroversielle fordi dei var skrivne på landsmål. Alt i 1892 vart Nokre Salmar – ei stor samling med 150 Blix-salmar – autoriserte til bruk i den norske kyrkja. Men mange kyrkjelydar ville ikkje vite av landsmålet hans, og slett ikkje berre i byane. Ein søndag i april blei såleis Blix-salmane nedrøysta i Aukrakyrkja med 190 mot 53 røyster. Og Aukrakyrkjelyden var ikkje åleine i Romsdals amt om å avvise salmane til Blix: mannen som skreiv "Gud signe vårt dyre fedreland", "Med Jesus vil eg fara" og "No livnar det i lundar".
NRK Møre og Romsdal
# lagt inn 22.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?