<$BlogRSDUrl$>

3.5.05

Avanonymisering 

Eg har mykje å takke min gode ven Per for, seinast denne kommentaren. Per har heilt rett, og eg raudnar over å bli avslørt i slurv. Eg har utsett lesinga av brevet Blix skreiv til presten og visebokredaktøren Karl Seip, datert 21.09.1884 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, Handskriftsamlinga, Brevsamling 439). Sitat:
Deres Ønske om at optage en eller flere af mine Salmer i Deres Bog er det mig naturligvis en Glæde at imødekomme, og naar jeg selv skulde yttre nogen Mening om Valget, saa er jeg ganske enig i, at det bliver en eller flere af dem, De har nævnt (f. Ex. No. 40). Mod Angivelsen af Forfatteren vil jeg nu ikke gjøre nogen Indvending, efter at N. Forfatterleksikon allerede har røbet Anonymiteten; og det tør være saa meget nødvendigere, som man tildels har begyndt at sætte andre Navn under mine Salmer (se Ullmanns Sangb., der f. Ex har taget min Salme No. 10 og foræret Grundtvig - som om han ikke var rig nok før!)
Blix refererer vel til 1883-utgåva av Nokre Salmar. Nr. 40 er "Anden yver Vatnom sveiv," han var tydelegvis nøgd med den; men Seip tok den ikkje inn. Nr. 10, som Viggo Ullmann altså meinte måtte vere av Grundtvig, er "Fraa Betlehem eit Gitord gjeng". Ullmann må ha oppfatta den som ei omsetjing av "Et barn er født i Betlehem".

Same år gav Seip ut ei utvida utgåve av En liden Visebog for Hjemmet (Kristiania: Aschehoug), som med det passerte 50 000 i opplag! I tillegget tok han med desse fire salmane - med forfattarnamnet "Blix":

243. No Soli bak um blaae Fjell
244. No livnar det i Lundar
248. Synd og Sorg er Systkin-Ord
249. Dauden gjenom Verdi gjeng

Dermed er denne publikasjonen, og ikkje Birger Halls Kirkeklokken (1890) den første staden der salmane er publiserte under forfattarens namn.

Namnet til forfattaren av Nokre Salmar har, etter det eg no veit, følgjande publiseringshistorie:
  1. Dei to første hefta blir publiserte anonymt i 1869 og 1870. Forfattaren er kjent i private kretsar (sjå t. d. brev frå John Klæbo til Anton Chr. Bang, frå Ivar Aasen til Johannes Belsheim).
  2. Olaus Fjørtoft røper forfattarnamnet i "Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn" i 1871: "Do maa eg ta unda ein prestlærd Mann, som heite Blix, som hev skrive nokre gilde Salma, som hev vorte vel mottekne over heile Lande. Han skriv Norsk, so kvar Mann kjenne paa Flekken, at ein hev mæ ein norsk Maalmann aa gjera. Men han e og Bondegut." Men denne publikasjonen hadde ikkje noko stort opplag. Eg veit ikkje eingong om Blix sjølv har lese den, han var utanlands i året 1871-1872.
  3. Tredje heftet av Nokre Salmar kjem ut i 1875, ei ny samla og utvida utgåve i 1883, begge anonymt.
  4. Jens B. Halvorsen skriv om Blix i Norsk Forfatter-Lexikon band 1, s. 353-354. Her oppgjev han Blix som forfattar til Nokre Salmar. Det står 1885 som publiseringsår, men verket kom ut heftevis, og vi skjønar av brevet frå Blix til Seip at artikkelen alt er komen ut sommaren 1884.
  5. Karl Seip publiserer fire tekstar av Blix med forfattarnamn i viseboka.
  6. Mons Litlere gjev ut eit nytt opptrykk (3. utgåve) av Nokre Salmar i 1888, framleis utan forfattarnamn på tittelbladet.
  7. Birger Hall publiserer 23 Blix-salmar med fullt forfattarnamn i Kirkeklokken, 1890 (og 1891)
  8. Elias Blix publiserer sjølv ei ny utgåve av Nokre Salmar i 1891, og skriv endeleg namnet sitt på tittelbladet.
# lagt inn 3.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?