20.5.05
Dagens Blix
Guds Fred!
(Tone: Det hendte sig Jefta den Gileads Mand.)
No syngja Guds Englar sin Helgarsong ny, (Tone: Det hendte sig Jefta den Gileads Mand.)
Guds Fred dei oss bringa og bjoda.
No stig yver Jordi ei Helsning i Sky,
Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt
Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
Til Frelsa den Fyrste er korad og krynd
Og komen til Løysning og Lukka
Fyr Menneskeborn, som er fødde i Synd
Og saart alt i Vogga maa sukka.
Guds Fred med dei Smaa,
Som honom fekk sjaa!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
I djupaste Myrker vardt Himmelen klaar,
Daa Stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste Vinter Gud Sumargull straar,
Og fagraste Knupp spring av Kviste.
Guds Fred og god Jol
Med Sumar og Sol!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
Der ute ligg Jordi so isande kald,
Og svart stend kvart Tre uti Skogen,
Men Isai Stuv, som av Herren er vald,
Skyt Livskvisten fager og mogen.
Guds Fred med den Grein
Av grønkande Tein!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
No Stjerna fraa Betlehem lyser um Land
Fraa Høgsal til armaste Hytta.
Det ljosnar so vænt yver Dalar og Strand,
Der Straalarne innum faa glytta.
Guds Fred yver Mold!
Vaar Sol og vaar Skjold,
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
No Helgarljod stiger fraa Harpa og Horn,
Og heilage Kvæde me syngja.
Og Tonarne strøyma fraa Klokka i Torn
Og høgt upp til Himmelen dynja.
Alt klinger i Kor:
Guds Fred yver Jord!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
Lat Gjetordet ganga fraa Grend og til Grend,
So vidt som ei Tunga kann mæla,
Um Sonen, som er oss fraa Himmelen send
All Verdi til Siger og Sæla.
"Guds Fred!" stig i Høgd
Fraa Kyrkja i Bygd:
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
Guds Fred med meg fylgje fraa Vogga til Grav,
Meg hugga i saaraste Suter!
So segjer eg, naar eg fraa Verdi fer av
Og døyande Hovudet luter:
Guds Fred og far vel!
No sovnar eg sæl.
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
IX.
---------------------Svein Urædd 2, nr. 51/52, Torsdagen den 22de Desember 1870
Kvifor du får ein julesalme som "Dagens Blix" midt i pinsetida? Fordi eg - etter tips frå Terje Aarset - omsider har gått gjennom dei tidlege landsmålstidsskrifta Svein Urædd (1869-1870) og Andvake (jan.-jun. 1871) på jakt etter Blix-salmar. Eg har funne fire salmar som var publiserte der før dei kom i Nokre Salmar, alle under merket IX. I tillegg nytta Blix dette merket den eine gongen han publiserte ein salme i Den norske Folkeskole. Det kan godt vere fleire, eksemplaret til Deichmanske bibliotek av Svein Urædd er ikkje komplett. Særleg manglar ein god del av 1870-årgangen. Eg må sjekke ei mikrofilmutgåve i eit anna bibliotek.
Salmane eg har funne med merket IX. under, er:
- Paaskesalm (Er her nokon, som vil høyra) - Den norske Folkeskole III/5, nr. 12, 03.04.1869
- Salme (Underlege Ting me sjaa) - Svein Urædd 1, nr. 51, 22.12.1869
- Guds Fred! (No syngja Guds Englar) - Svein Urædd 2, nr. 51/52, 22.12.1870
- Paaskesalme (Statt upp or Svevne) - Andvake nr. 15, 15.04.1871
- Kvitsundagen (Kvitsundagen Kyrkjehagen) - Andvake nr. 23, 10.06.1871
Interessant er det også at Blix publiserte i Andvake, eit tidsskrift hans ven og læremeister Ivar Aasen var skeptisk til, fordi redaksjonen ikkje heldt seg til rettskrivinga hans.
Onsdagens Blix.