<$BlogRSDUrl$>

22.5.05

Dagens Blix 

Alt det, som komet er av Kjøt, / Som Kjøt maa døy og kverva.
Men det, som er av Anden født, / Kann eine Livet erva.
Vaart Liv ved Adams Ugjerd kvarv, / Me fødde er til usæl Arv:
Med Synd, til Dom og Daude.

Og skal me daa Guds Rike sjaa, / Maa Gud oss atter føda.
Ved Vatn og Ande Livet maa / I Hjartat ovan fløda.
Og dette himmelfødde Liv, / Det Synd og Daude undan driv:
Det gamle burt er gjenget.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 99

Ny Blix-salme av 1891-årgang, ein av dei mange som blei skriven til ein særskild sundag og ein bestemt evangelietekst. Treeiningssundag er den store dåpssundagen i kyrkjeåret, og salmen er dikta over den tradisjonelle evangelieteksten, Johannes 3,1-15. Her er vi i den interessante situasjon at Elias Blix sjølv har omsett bibelteksten til nynorsk (1889).

Denne salmen er ikkje lenger i levande bruk. Den kom med i Nynorsk salmebok (1925), men ikkje i Landstads reviderte (1924). Dogmatikken er traust og biletbruken tradisjonell, men det er ingen dårleg tekst.

Heile salmen.
Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 22.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?