<$BlogRSDUrl$>

29.5.05

Dagens Blix 

Kvat gagnar det ein gudlaus Mann, / Som Gods og Gull vil hava,
Um han all Verdi vinna kann / Og Skattar til seg grava,
Naar han den Skatten missa maa, / Som Gud i Himlom gjøymde,
Og ikkje fær hans Sæla sjaa, / Avdi at Gud han gløymde?

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 101

Nyskriven salme til 1891-utgåva. Evangeliesalme til 1. sundag etter treeiningsdag (2. sundag etter pinse), interessant nok: Ikkje så mykje over den gamle evangelieteksten om den rike mannen og Lasarus (Lukas 16,19-31) som over den nye om den rike bonden (Lukas 12,13-21). Den norske kyrkja auka talet på tekstrekkjer frå ei til tre frå nyttår 1887, det vil seie under Elias Blix si regjeringstid som kyrkjeminister (OK, Jakob Sverdrup spela ei vel så aktiv rolle når det galdt liturgireformene).

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Fredagens Blix
# lagt inn 29.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?