<$BlogRSDUrl$>

17.5.05

Fedrelandssalmen 

Om du ikkje fekk fedrelandssalmen som "Dagens Blix" i dag, kan du ty til Møre-Nytt for laurdag 14. mai. I dette kulturorganet med utgjevingsstad Ørsta har nemleg Terje Aarset skrive ein stor artikkel om "Gud signe vårt dyre fedreland". Vonleg får vi artikkelen i eit meir riksdekkande medium også, eller i bokform, for den er grundig og viktig. Her er eit stort tilfang av lite kjend informasjon om korleis salmen blei til, om korleis den blei teken i bruk, om alternative melodiar og mykje anna.

Her kan du mellom anna få vite at det ikkje er så sikkert at salmen blei skriven under eit Lillehammer-opphald vinteren 1889, at den første gong blei publisert i tidsskriftet Nordmannen torsdag 13. november 1890, at Thorvald Lammers song salmen så tårene trilla i andletet til Bjørnstjerne Bjørnson under ein olsokkonsert i Nidarosdomen i 1897, at nokre stortingsrepresentantar hadde planlagt å reise seg og syngje "Gud signe vårt dyre fedreland" etter vedtaket om unionsoppløysinga 7. juni 1905, men at oppsongaren feiga ut, at salmen blei mykje brukt i samband med folkerøystinga same haust, at det endelege gjennombrotet kom da salmen avslutta kroningsgudstenesta i Nidarosdomen 22. juni 1906, og at den straks etter blei teken inn i den danske folkehøgskolesongboka.
# lagt inn 17.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?