<$BlogRSDUrl$>

12.5.05

Jamstellingsvedtaket 

I dag er det 120 år sidan "jamstellingsvedtaket" i Stortinget, og det kan høve å hente fram Tove Bulls artikkel om "Elias Blix og framveksten av det nynorske kyrkjespråket":
Som kyrkjeminister var han den i regjeringa som formelt stod ansvarleg for å setje det såkalla jamstellingsvedtaket frå 1885 ut i livet, altså det vedtaket som sidestelte landsmålet med "det almindelige Skrift- og Bogsprog" som offisielt språk i landet. Hundre år etter, den 12. mai 1985, overleverte representantar for styret i Noregs Mållag eit målarstykke av Elias Blix til representantskapet i Stortinget for å minnast han som ein av fedrane til jamstellingsvedtaket. Slik sett har Blix spelt ei svært sentral formell rolle for utbreiinga av landsmålet/nynorsken i skolen og det offentlege språklivet. Kva rolle han spelte reelt for 1885-vedtaket, er derimot ikkje nærmare utgreidd.
Og her har eg framleis ei uløyst oppgåve. Eg trur nok, som Tove Bull antyder, at det var andre innan Venstre som spela ei større rolle i prosessen fram mot vedtaket. Det må eg kome attende til. Men dagen kan vi jo feire. 12. mai er dessutan fødselsdagen til mor mi, bryllaupsdagen til svigermor og dåpsdagen til eldste dotter mi. Gratulerer, alle i hop!

Les meir i Språknytt nr. 1/2002
# lagt inn 12.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?