<$BlogRSDUrl$>

27.5.05

Nordmannen 

I går var eg i avissamlinga til Nasjonalbiblioteket i Oslo og såg gjennom tidsskriftet Nordmannen (1888-1891). Om dette bladet fortel Johannes Arneson (100 år og minnest mangt, Oslo: Noregs Boklag, 1964), s. 92:
Men nokre år i førevegen var det starta eit lite blad som heitte "Nordmannen". Skikkelege venstrefolk og rettruande målstrevarar kunne ikkje finna seg i denne anarkismen [som Fedraheimen stod for i sin siste fase, AA]. Bladstyrar var presten Kr. Nordlid, bror åt bokhandlar Olaf Norli. Professor Blix stødde bladet med ein salme av og til, og skulemannen Matias Skard med gode artiklar. Ung og eldhuga målmann som eg var, ville eg gjerne stø bladet, eg og, etter fattig "leilighet". Frå hausten 1889 til ut i juni 1891 var eg huslærar hjå presten Baartveidt på Aukra i Romsdalen, og i den tida skreiv eg jamt i "Nordmannen". Eg var snart den trottugaste innsendaren. I nyårsnummeret 1891 takka Nordlid innsendarane for hjelpa i det framfarne året, og nemner ved namn tre stykke: Det var Blix, Matias Skard og Ola Ryfylking. Dette var løyndarnamnet mitt.
# lagt inn 27.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?