<$BlogRSDUrl$>

29.5.05

Orheim 

I går var eg med på salmeseminar om vekkingsforkynnaren og -diktaren Matias Orheim i Uranienborg menighetshus. Mange hadde personlege inntrykk å formidle om den blinde predikanten og diktaren som har vitja nesten kvart einaste kyrkjesokn i landet for å preike, syngje, spele på fele og på glas(!). Sonedottera Åshild Orheim Haga fortalde om bestefaren og heimstaden. I dag er ho gardbrukar og vertskap på Orheimstunet.

Og i dag var det nynorsk høgmesse i Uranienborg kyrkje. Høg kjendisfaktor (statsråd Haugland - ikkje Baard, men Valgerd Svarstad H. - var tekstlesar) og mange Orheim-songar. Interessant å oppleve den lågkyrkjelege Orheim i dette høgkyrkjelege rommet, det gav nye dimensjonar til begge delar.
# lagt inn 29.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?