<$BlogRSDUrl$>

12.6.05

Frihet2005 

I går kunne du dessutan lese utdrag av "Gud signe vårt dyre fedreland" som heilsidesannonse i Aftenposten (og sikkert i andre norske aviser) - som del av "En frihetshilsen til det norske folk i anledning Frigjøringsmarkeringen" i regi av eit felleskristent tiltak som kallar seg "frihet 2005". Under mottoet "Jesus gjør virkelig fri!" har dette nettverket mellom anna arrangert Jesusmarsj i Oslo 4. juni, og bede for nasjonen i veka som har gått.

Ein kan meine mykje om slike tiltak i samband med "Hundreårsmarkeringen/a". Det gjer til dømes humanetikarleiar Jens Bruun-Pedersen (i NRK 2. juni):
Jens Brun-Pedersen i Humanetisk forbund reagerer på at Jesus-marsjen får stå i det offisielle programmet til hundreårsfestivalen, samtidig som ingen andre livssyn er representert.
BlixBlog finn fedrelandssalmen høgst passande som bodskap til nasjonen. Vi (Elias Blix og redaksjonen) trur heller ikkje at det gjer noko om folk bed. Og det er vanskeleg å sjå at ein Jesus-marsj skulle vere upassande i ei markering som har plass til både Turbonegro (Oslo) og Black Sabbath (Bergen) ...
# lagt inn 12.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?