<$BlogRSDUrl$>

6.6.05

Hjertesuk 

Attende til katekismeverset, som i Blix si gjendikting (1891) lyder slik:
Gud, lat oss i din Kunnskap mannast / so Læra maa i Livet sannast
og dagleg Framgang i oss faa,
til kristen Manndoms Maal me vinna, / at me hjaa deg maa Naade finna,
og du paa oss med Hugnad sjaa.
Eg har hatt god hjelp av bror Per Kristian att, og har dette å melde:

Dette verset, med overskrifta Hjertesuk for Børn, ser ut til å ha hatt ein trygg og fast plass i dansk-norsk katekismetradisjon, inkludert alle dei katekismeutgåvene frå 1800-talet vi har greidd å oppdrive.

Jamvel Anton Chr. Bang, Blix sin gode ven og professorkollega, tok det med i den nye katekismeutgåva han gav ut på offentleg oppdrag i 1891, rett nok under overskrifta: "Tillæg, indeholdende stykker som tidligere har været optat i katekismen". Den gode kyrkjehistorikar var oppteken av å skilje mellom den lutherske "grunnteksten" og seinare tillegg.

Det interessante er at Blix-utgåva, som er ei nynorsk parallellutgåve til Bangs og autorisert ved kongeleg resolusjon av 25. juli 1891, har sløyfa desse tillegga - med unnatak av det siste: "Bibelord til dei fem partarne i katekisma samlade av Dr. A. Chr. Bang". Neppe av prinsipielle grunnar. Kan hende av økonomiske, for ikkje å gjere boka for tjukk? Eg veit ikkje.

Men Blix har altså omsett "Hjertesuk for Børn" seinare same året, og publisert den i Nordmannen 30. september 1891.
# lagt inn 6.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?