<$BlogRSDUrl$>

21.6.05

Lillehammer 

I dag har eg vore på Maihaugen. Ikkje i museet, men i Opplandsarkivet. Dei har nemleg privatarkivet etter Leonhard Næss (1855-1940) - prest, bibelomsetjar og målmann, fødd i Beiarn, seminarist frå Tromsø, teolog frå Kristiania, lærar ymse stader, prest i Bjarkøy, Norddal, Elverum og Vågå.

På 1880-talet var Næss aktiv i "Nordlændingernes Forening". Vel, han var stridbar og til dels skismatisk, så periodevis stod han sentralt i den konkurrerande foreininga "Fembøringen".

Arkivet inneheld ikkje noko frå denne tida, men mykje anna kultur- og lokalhistorisk interessant materiale. Nokre smakebitar:
# lagt inn 21.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?