21.6.05
Møringar
Dessutan har eg hatt kontakt med to myndige møringar frå Høgskulen i Volda dei siste par dagane. Per Halse har vore på Oslo-tur, men han fekk eg berre møtt på telefon denne gongen. Terje Aarset møtte eg på Hamar i dag. Eg hadde mykje å prate med han om, og det viste seg jamen at mor mi (på leiting etter eit sjeldsynt personnamn i slekta) og far min (som er oppvaksen i Ofoten, der Terje + frua har mykje slektstilknyting) også hadde det.