<$BlogRSDUrl$>

23.7.05

Seljord 

Dagens post kjem frå Seljord, bygda der både M. B. Landstad og Viggo Ullmann står på sokkel.

Salmediktaren Magnus Brostrup Landstad har vore to periodar i Seljord, først som presteson, seinare som sokneprest. Det var i Seljord Landstad blei folkeviseutgjevar (vel, Olea Crøger leverte no det meste av råmaterialet). Etter Seljord-tida laga han salmeboka si, det fremste uttrykket for fornorskingslina til Knud Knudsen, altså bokmålslina, på kyrkjeleg område. Men salmebokforslaget måtte gjennom ein grundig språkvask før det blei offentleg godkjent i 1869, og mange av dei særnorske orda Landstad førte inn, blei tekne ut att. Same året gav Elias Blix ut første hefte av Nokre Salmar. Samanlikna med den kritikken som hagla over forslaget og salmeboka til Landstad, slapp Blix frå det med langt mindre hogg. Kanskje kan ein seie at Blix med Nokre Salmar kom til å over-landstade Landstad, til å drive det kyrkjelege fornorskingsprogrammet ut i yttarste konsekvens, jamvel etter Aasens landsmålsline. Gamle Landstad var personleg svært sympatisk innstilt til arbeidet Blix gjorde.

Venstre-grundtvigianaren, politikaren og skolemannen Viggo Ullmann grunnla folkehøgskolen i Seljord. Om dagens folkehøgskole er eit direkte framhald av Ullmanns, veit eg ikkje. Ullman var ein kort periode leiar i Det norske Samlaget, men det var ein dødperiode for Samlaget, Ullmann hadde for mykje anna å gjere.

Sjølv er eg her på Korsvei-festivalen. Korsvei er eit kristent nettverk der svært mange blomar får bløme. Karakteristisk er sameininga av politisk interesse - med vekt på rettferd og miljø -, spiritualitet og estetiske uttrykk. Rørsla er ikkje svært stor, men tankegods herfrå har fått mykje merksemd i andre kyrkjelege samanhengar, også kyrkjemøte og kyrkjeråd, i seinare år.

Og så hender det noko her for folk i alle aldrar. I år har vi tre tenåringar med i TenKorsvei. Dei trivst endå betre enn foreldra.

Vårt Land har også vore her.
# lagt inn 23.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?