<$BlogRSDUrl$>

26.8.05

Valkamp 1882 


(frå Verdens Gang 07.10.1882)

I Kristiania var valdagen i 1882 torsdag 19. oktober. Men valet blei nokså kaotisk, og det måtte til ein ekstra dag. Det var framleis indirekte val, dei 3841 røysteføre mennene i Kristiania by skulle velje 76 valmenn, som saman med valmennene frå Hønefoss og Kongsvinger skulle peike ut 4 stortingsmenn. Kvinneleg røysterett ligg i framtida.

To tydelege alternativ stod mot einannan, ei "Venstre"-liste fremja av dei radikale avisene Dagbladet og Verdens Gang, i samråd med Arbeidersamfundet, og ei liste for "det konstitutionelle Parti" med Morgenbladet i spissen, sekundert av ein borgarkomité, Aftenposten og - med atterhald - Fædrelandet, pluss eit par mindre blad.

På toppen av Venstre-lista finn vi Elias Blix - og det er ikkje på grunn av plassen hans i alfabetet, i motsetnad til Høgre-lista er denne ikkje sett opp i alfabetisk orden.

Det hjelpte lite. Kristiania var og blei eit Høgre-reir. Alle Kristiania-valmenn var høgrefolk. Elias Blix oppnådde 773 røyster og blei 8. suppleant. Det var ikkje Kristiania-benken på tinget som fekk gjennom riksrett og parlamentarisme, der var det desse fire som kom til å sitje:

1, Høiesteretsadvokat Emil Stang. Høyre.
2, Rigsarkivar Michael Birkeland. Høyre.
3, Høiesteretsadvokat Jacob Thurmann Ihlen. Høyre.
4, Professor Frederik Wilhelm Bugge. Høyre.
# lagt inn 26.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?