<$BlogRSDUrl$>

13.9.05

Adjunktstipend 

I går var eg i Riksarkivet att, for første gong etter nyopninga. Fint og luftig er det blitt, med nytt inngangsparti i underetasjen og romsleg katalogsal. Lesesalen er den same gamle, men mikrofilmsamlinga er flytta, så det er blitt betre plass der også.

Prosjektet var å kartleggje prosessen som gav Blix adjunktstipend i 1875 i universitetsarkivet. Den var meir kompleks enn eg har visst om.

Etter studieopphaldet i Leipzig oktober 1871-juli 1872 (Blix si innberetning, datert 5. desember 1872, finst i universitetsarkivet) heldt Blix fram som lærar i religion og hebraisk ved Nissens latin- og realskole i Kristiania. Men vinteren 1873 blei eit adjunktstipend ledig ved universitetet, fordi teologen Fredrik Petersen fekk embete som res. kap. i Skien. Blix søkte stipendet og la ved framifrå attestar frå professorane Delitzsch, Fleischer og Krehl i Leipzig, pluss professor J. P. Broch i Kristiania (søknaden, datert 30. januar 1873, ligg i universitetsarkivet. Attestane er i Nasjonalbiblioteket, handskriftsamlinga). Eg visste frå arkivet til Teologisk fakultet at Blix hadde ein teologisk konkurrent, S. R. Gunnersen, men at fakultetet einstemmig innstilte Blix.

No veit eg at det var seks andre søkjarar, og at Blix ikkje fekk overta Petersens stipend, slik eg hittil har trudd. Botanikaren Axel Blytt stod før han i køen.

Men det var berre eit spørsmål om tid. Alt ved den ordinære stipendutdelinga 25. juni rykka Blix inn som ein av dei ni stipendiatane ved universitetet. Litt morosamt er det at det blei eit stipend ledig nett da fordi Johan Storm var blitt professor i moderne språk. Den dag i dag er Johan Storm den kan hende internasjonalt mest kjende norske filolog gjennom tidene, særleg på grunn av den fonetiske forskinga hans. For målfolk er han nok meir kjend som den filologisk mest skarpskodde av alle "motmenn" og riksmålsfolk. Eg har fått ein kopi av hans Det nynorske Landsmaal: En Undersøgelse (1888) (takk, Per!), det til da mest kompetente angrepet på målrørsla. Storm kjende dialektane godt. Nok om det.

1. juli 1873 tok altså Elias Blix til i stipendiatstilling ved universitetet. Men han slutta ikkje som lærar. Stipendet på 230 spesidalar var ikkje nok til å forsørgje ein familie som blei stadig større. Blix hadde sine religions- og hebraisktimar (rett nok færre enn før) ved Nissens og Gjertsens skoler heilt til han blei professor i 1879.
# lagt inn 13.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?