17.9.05
I Glas og Ramme
Som nemnt har Samlaget denne veka lansert Jørgen Løvland: Vår første utanriksminister av Per Eivind Hem. Eg fekk med meg lanseringa, som fann stad torsdag i lokala til Nobelinstituttet.
Boka er blitt ei 600 sider stor, grundig, vel illustrert og dokumentert framstilling av livet til setesdølen, læraren, målmannen, venstremannen, pressemannen, stortingsmannen, statsråden og leiaren i Nobelkomitéen - med ei unionsoppløysing, ein rettskrivingsreform og talrike jernbane- og telefonlinjer på samvitet.
Det vil ta meg noko tid å kome gjennom boka. Men dette vesle avsnittet (s. 264) må få plass alt i dag:
Professor og salmediktar Elias Blix var nok den som hadde største æra for at landsmålet etter kvart vann innpass i kyrkja, og våren 1901 var Løvland med og skipa til stor fest for Blix. Då Elias Blix døydde den 17. januar 1902, var det difor mange som sørgde. Salmar som "Gud signe vårt dyre fedreland", "Med Jesus vil eg fara" og vårsalmen "No livnar det i lundar" hadde festa seg i hjarta til folk rundt om i heile landet. Løvland tinga denne våren blitete av Blix til veggen heime, og skaffa eit til Froland også [til broren Anders, AA] - for "Jeg ved, Blix er en Husven hos eder i sine Salmer, saa Du lyt sætte ham i Glas og Ramme".