20.10.05
Blix og Fram IV
I ettertid har historikarane til målrørsla tona ned (for ikkje å seie bagatellisert) Fram-krisa i 1872. Såleis Torkell Mauland i Syn og Segn 1908, s. 234:
Striden med "Framkararne" høyrer me ikkje meir til innan samlaget. Det gjekk so, at "Heimskringla" seinare kom ut fraa samlaget, og at ellest det meste av dei tankarne som "Fram-kararne" stræva fyr, arbeidde seg inn i maalet, men paa ein annan maate enn dei tenkte aa taka det.Olav Midttun, same blad, 1919, s. 286-287:
Det er ogso eit anna spursmaal det har vore noko ugreide med. Det er den vesle[!] striden det er fortalt um millom Berner og medstyrarane hans Horst og Fjørtoft i 1871 og 72. Horst og Fjørtoft hadde reist ein svær strid mot Ivar Aasens normalform, og "vilde kasta ut mange daude bokstavar og beinka rettskrivingi meir etter talen paa Austlandet." Det kunde etter dette sjaa ut som Berner var ein streng vakthaldar um Aasen-normalen, og ikkje hadde mykje til overs for bygdemaali og austlandsmaalet. Men so var det ikkje. ... Det var soleis ikkje so stor prinsipiell skilnad millom Horst-Fjørtoft og Berner um skriftformene. Men medan han kunde vera med paa at eit "landsmaal" eller normalbokmaal laut taka meir umsyn til dei levande bygdemaali og serleg til dei austnorske maali, var han heilt imot aa sprengja heile normalmaalet sund og berre setja bygdemaali i høgsætet. ... Kan henda hadde han og Fjørtoft baae to vore noko framfuse og stride, kvar paa si vis, so dei ogso personleg hadde vandt for aa arbeida saman. Visst er det at han paa aarsmøtet i samlaget i 1872 sa fraa seg formannsromet, av di han ikkje kunde arbeida saman med dei to andre medstyrarane. Men han slapp ikkje; han vart attvald til formann, og fekk nye medstyrarar.Dei sistnemnde var altså Elias Blix og Hans Ross. Vel, det stod på temmeleg hardt ei stund.