8.10.05
Støylen
I dag fekk eg ei gild sending frå Eirik Helleve ved Ivar Aasen-tunet: Nokre kopiar frå Nynorsk Vikeblad for 1936 som, i tillegg til ein søt og tidstypisk Blenda-reklame, inneheld stoff omkring 100-årsjubileet for Elias Blix. Mellom anna skreiv biskop dr. theol. Bernt Støylen ein interessant biografisk artikkel. Støylen blei student same året som Blix blei professor (1879), og han var ein av dei første studentane som hadde Blix som sin "privatpræceptor". Det fanst ei personleg mentor-ordning i dei dagane også, sjølv om den nok helst fungerte på papiret. Det er altså sjølvopplevd når Støylen skriv:
Han lærde då dei theologiske studentane hebraisk og so heldt han og forelesingar um nokre av bøkene i Det gamle testamente. Me som hadde han til lærar, vart glade i han og lærde mykje av han. Tankane hans var so klåre og ordleidingane var so skynlege og greie, endå når han tala um dei vandaste emne. Me vart alltid so venleg mottekne når me kom til han, og han var so skynsam og varsam i all si ferd, so ein kjende seg so trygg og heimsleg når ein var saman med han.Støylen er elles mellom dei viktigaste arvtakarane etter Blix, som salmediktar og salmebokutgjevar (Nynorsk Salmebok).