27.11.05
Elias Jung
"Første gong eg såg namnet Elias Jung fekk eg to namneassosiasjonar. Ein gjekk i retning den nordnorske salmediktaren Elias Blix, den andre i retning den vidgjetne psykoterapeuten Carl G. Jung," skriv meldaren Oddmund Berge på musikksida groove.no. Men Avisa Nordland veit betre, under overskrifta "Ny melankolirock fra nord" (02.05.2005):
– En kompis av meg ga meg navnet Elias Jung. Det er kanskje inspirert av Elias Blix og Neil Young? Vet ikke. Men jeg likte navnet, og jeg liker Neil Young, sier Elias Jung til Avisa Nordland.Bandet er Tromsø-basert, og EPen deira er gjeven ut av Guano Recordings i Kabelvåg, eit selskap som utmerkar seg med høg nynorskprosent på heimesida. Ikkje lat deg lure av at det står "Nyheter" i menyvalet.