15.11.05
Nasjonal prøve
Her i huset har vi trudd at nasjonale prøver var på veg over på historias skraphaug. Kva skal ein elles med regjeringsskifte, seier tenåringane mine. Men kunnskapsminister Djupedal må ha gløymt noko. I går kom det ei oppgåve frå den kjende Volda-norsklærar Terje Aarset, med tilleggsopplysninga: "Dette er eit ledd i nasjonale prøver for frilansteologar." Oppgåva lyder:
Men eg må prøve å få ein prat med kunnskapsminister Djupedal. Han er sikkert ein vitug mann, far hans har skrive noko av det beste som er på marknaden om Elias Blix.
Les du Språknytt? Sjå om du finn noko merkeleg på side 9 og (særleg) side 14.Jo, eg les no Språknytt, og pliktoppfyllande som eg er, har eg sendt inn svar på oppgåva. Det skal du få høyre om i morgon.
Men eg må prøve å få ein prat med kunnskapsminister Djupedal. Han er sikkert ein vitug mann, far hans har skrive noko av det beste som er på marknaden om Elias Blix.
Kategoriar: nynorsk