<$BlogRSDUrl$>

8.12.05

Bordbønn 

er ein skikk BlixBlog har mykje til overs for. Om det er ein naturleg skikk å halde fast på i ein pluralistisk skole, kan nok diskuterast - og er for tida til diskusjon. Ein sterk tilhengar av bordbønn i skolen er Olav Bergene Holm i Østlandsposten i dag:
En av Djupedals forgjengere (Elias Blix) skrev det slik: «Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over landet strøymde!» Elias Blix satt nemlig inne med så mye historiske kunnskap om hvordan vårt land var før «kristningsverket» at han med styrke kunne skrive at «vårt heimland i mørket lenge låg», men så kom evangeliets ord og «ljos over land strøymde».
Det er kan hende ein liten hake ved argumentet. Sikre kjelder (sonen Ivar Blix) kan fortelje at bordbønn ikkje blei praktisert rundt det Blix'ke matbord. Kyrkjegang var far Elias derimot nøye med.
# lagt inn 8.12.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?