1.12.05
Dagens Blix
Den sidste Skilnad er vel saar, / Naar Ven vert boren ut paa Baar.
Men midt igjenom Daudens Tjon / I Jesus Krist gror Livsens Von.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 137
Denne salmen høyrer til temaet Blix og Grundtvig, som eg skal kome attende til til våren. Det er leitt den er gått i gløymeboka (sjølv om helvta er med i Norsk Salmebok, nr. 847), den har fortent betre. Høyr på dette:
Ikkje nokon adventssalme, kan hende. Vel, vel:
Heile salmen

Sjaa Sol, som gjeng i Grav um Kveld, / Um Morgon gyller Sky og Fjell.Historia om denne teksten tek ikkje til med Grundtvig. Hans 17-strofige tekst, "I Dødens Stund tænk først og sidst" (1837), ber overskrifta: "Islandsk Lig-Psalme", og er sjølv ei forkorta gjendikting av "O Christen Sál umhuxa fyrst" av Sigurður Jónsson (1590-1661). Wexels hadde Grundtvigs tekst i 1859-utgåva av Christelige Psalmer, men den blei aldri innsungen i bokmålsutgåve. Blix har redigert om og stramma inn Grundtvigs versjon, men neppe kjent den islandske originalen ved denne tida.
Sjaa Blom og Gras, som døyr i Aar, / Det gror og grønkar næste Vaar.
Sjaa Lauvet døyr paa Tre og Tein, / Men livnar atter grønt paa Grein.
Og inkje Fræ stend upp i Gror, / Som ikkje fyrst vil døy i Jord.
Uppreiser Gud so ved sitt Ord / Det Liv, som døyr og vert til Jord,
So kann hans Ord og Andedrag / Og vekkja oss paa Domedag.
So livna me som Blom i Eng, / Naar Herrens Røyst um Graver gjeng.
So skal som Herrens Kveite-Korn / Or Gravom standa upp Guds Born.
Ikkje nokon adventssalme, kan hende. Vel, vel:
Der rann ein Kvist av Jesse Rot / Med Blom, som giv fyr Bane Bot,Måndagens Blix
Eit Livsens Tre, der alle Mann / Fyr Dauden Fristad finna kann.
Heile salmen
Kategoriar: salmar