<$BlogRSDUrl$>

13.12.05

Deprivatiseringa 

I dag tidleg melder NRK Dagsnytt:
Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) stopper friskoler som allerede er godkjente av den forrige regjeringen.
Skoler som venter på søknadsbehandling, blir heller ikke godkjent. I alt blir det dermed satt stopper for nesten 150 planlagte skoler.
Vi skal vel ikkje vente lenge på reaksjonane, så BlixBlog får skunde seg å proklamere ein djup skepsis mot privatisering av utdanning. Det skal vere eit fellesgode som folk i størst mogleg grad har lik tilgang til. Her bør ein føre vidare linja frå den store skolereforma av 1889, som kyrkjestatsråd Elias Blix gav startskotet til (vel, i det minste formelt; i røynda var det nok to generasjonar Sverdrup som var arkitektar, onkel Johan og nevø Jakob).

Ei mogleg innvending mot resonnementet er det sjølvsagt at kyrkjestatsråd og seinare skolestyreleiar i hovudstaden Elias Blix sjølv heldt barna sine på privatskolar. Dei eldste gutane gjekk på Gjertsens, dei yngste på Otto Anderssens skole. Kor jentene fekk skolegangen sin, har eg ikkje klårt for meg. Skolen var framleis klassedelt i dei dagar. Det treng ikkje vere nokon grunn til at den skal bli det att i våre.

Og medan vi ventar på reaksjonane frå KrF, med den obligatoriske uroa for livssynsskolane: Eg meiner nok at KrF sjølv har spela korta svært uklokt på vegner av livssynsskolane, gjennom den tette alliansen i førre regjeringa med Høgre og ein heilt annan privatiseringsideologi.
# lagt inn 13.12.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?