6.12.05
Målmann
BlixBlog har i haust vore heiagjeng for lanseringa av Per Eivind Hems biografi om Jørgen Løvland: Vår første utanriksminister. No har Aftenposten endeleg funne spalteplass til å melde boka. Meldinga stod i går, den er signert Nils Morten Udgaard og den er av stor interesse. Udgaard skriv om den ufortent gløymde Løvland:
Derfor er det på høy tid at han får sin biografi, ved Per Eivind Hem, statsviter, selv gårdssønn fra Vestfold og engasjert nynorskmann.Så vidt eg veit er dette første gong Hem har skrive noko større på nynorsk, men målrørsla må jo innkassere det som ein siger når Udgaard veit at han gjennom arbeidet er blitt "engasjert nynorskmann". Boka får elles ei svært positiv mottaking, men Udgaard kostar på seg ei konservativ sluttfinte etter å ha nytta ein del spalteplass på Løvlands engasjement i målsaka, med vedtaka om sidemålsstil (1907) og ny rettskriving (1917) som høgdepunkt:
Det interessante i dag er at hverken Løvland, Koht eller Hem - hundre år etter - ser noe overgrep eller noe språkfaglig galt i dette at politikere "vedtar" folks språk.Les meir