<$BlogRSDUrl$>

31.1.06

Dagens Blix 

Anden yver Vatnet sveiv, / Liv i Løynd han lagad
Og det store Myrker dreiv, / Fyrste Gong det dagad.
So vart Livet født paa Jord / Gjenom Vatn ved Anden.
Fram det urde paa Guds Ord / Utan Tal som Sanden.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 145

Denne dåpssalmen synest eg er ein av dei aller finaste Blix-salmane. Eg har tidlegare gjort greie for bibelbruken i salmen. Som vanleg, Blix har arbeidd vidare med teksten sidan den først blei publisert i 1883. Eg er litt lei meg for at den flotte dativforma i "Anden yver Vatnom sveiv" blei borte.

Sundagens Blix
Heile salmen
Tidlegare kommentar
Norsk Salmeleksikon nr. 176
# lagt inn 31.1.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?