2.1.06
Jubileumsår
2006 er jubileumsår for Noregs Mållag (skipa 1906), og Ibsen-år - sidan vi i Noreg har lagt oss til den noko underlege skikk å jubilere for dødsår.
Når det gjeld Elias Blix, finst det ei rad milepælar å markere i året som kjem. Det er nemleg
Når det gjeld Elias Blix, finst det ei rad milepælar å markere i året som kjem. Det er nemleg
- 175 år sidan foreldra hans, Peder Christophersen og Margrethe Christophersdatter, gifta seg i Gildeskål gamle kyrkje 19. juli 1831
- 170 år sidan Elias blei fødd i Gildeskål, 24. februar 1836
- 155 år sidan han blei konfirmert i gamle Gildeskål kyrkje, 13. juli 1851
- 150 år sidan han tok til som vikarlærar ved lærarseminaret i Tromsø, 8. september 1856
- 145 år sidan Blix tok del i skipinga av "det fyrste maal-laget i Kristiania" heime hos Hans Ross 5. oktober 1861
- 140 år sidan han tok teologisk embetseksamen, 4. juni 1866
- 135 år sidan Emma og Elias Blix gifta seg i Oslo domkyrkje, 19. juli 1871
- 130 år sidan Elias Blix tok den filosofiske doktorgraden. Dispuasen fann stad 15. november 1876.
- 115 år sidan Elias Blix sette namnet sitt på tittelbladet til fjerde utgåve av den til da anonyme publikasjonen Nokre Salmar (1891)
- 110 år sidan Blix skreiv "Barndomsminne frå Nordland" (publisert i Den 17de Mai 13. august 1896). Same år feira Emma og Elias Blix sølvbryllup, og Elias blei æresmedlem i "Nordlændingernes Forening".