<$BlogRSDUrl$>

8.1.06

Kræsj 

Før eller seinare måtte det vel bli min tur: I går erfarte eg mitt første harddisk-kræsj. Eg skal ta meg ein tur til familiene ivrigaste nerd, vi får sjå om noko kan bergast.

Heldigvis har eg Blix-materialet mitt lagra på opptil fleire stader, så dette skal ikkje gå ut over biografien. Men ergerleg er det, og tid tek det, same kva.

Oppdatering, same kveld:

Ingen sak når ein har ein nevø som kan trylle. Åtvaringa frå maskinen synte seg å vere grunnlaus. Harddisken var heilt intakt, og systemfeilen ikkje verre enn at den let seg rette - uten tap av data. Puh ...
# lagt inn 8.1.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?