<$BlogRSDUrl$>

10.1.06

Misjon i Tromsø 

Hebraisksensuren ved Misjonshøgskolen er avslutta. Nivået var gjennomgåande riktig bra, og Magnar Kartveit kan dra på eit velfortjent studieopphald til Oxford.

Eg har til og med fått eit par timar til å arbeide i arkivet til Det Norske Misjonsselskap, så eg er riktig nøgd. Eg har gått gjennom protokollane til Tromsø misjonsforeining og Tromsø fellesforeining frå 1850-talet.

Det negative resultatet: Elias Blix ser ikkje ut til å ha vore medlem i misjonsforeininga så lenge han budde i Tromsø (1853-1859).

Det positive resultatet: Eit enda klårare bilete av kyrkjelege tilhøve i byen og omlandet. Misjonsforeininga er interessant, den er nok prestestyrt, men her får alle plass. Mellom dei innmelde er både menn og kvinner, ein "Consul", ein "Seminarist" og ein "Dræng paa Landet". Johan Amundsen, Blix sin gode skole-, rom- og brevkamerat, var medlem, men ikkje Elias sjølv, altså.

Fellesforeininga, som seinare blei krins i Misjonsselskapet, har også interessant informasjon. Det var tidleg misjonsforeiningar både i Tromsø, Balsfjord/Malangen, Bardu/Målselv og "Reisen" (Sørreisa?). I 1859 kjem det òg delegatar frå Hadsel i Vesterålen, mellom dei lærar Johan Hveding, seminarkamerat og seinare medstudent av Blix i Kristiania. Mot slutten av 1850-talet blir lærarane ved Tromsø seminar dominerande i styre og stell. Tredjelærar P. J. Holm (som seinare kom til Kristiania og slo seg saman med nordlandsklikken der) var den første som tok aktiv del i misjonsarbeid, men den nye styrar Hvoslef og andrelærar Kaurin kom også til.
# lagt inn 10.1.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?