<$BlogRSDUrl$>

29.1.06

Muhammad 

BlixBlog har hittil ikkje kjent seg kalla til å kommentere karikaturteikningane av profeten Muhammad, publisert i danske Jyllandsposten (som i skrivande stund har ei orsaking på arabisk på førstesida si) og seinare i norske Magazinet. Men snøballen rullar stadig vidare, og i løpet av helga har den balla så mykje på seg at det er grunn til å vere med på å smelte den. Knut Olav Åmås kommenterte til dømes i Aftenposten (papir) laurdag: ”Uansett hva som var motivene for å trykke dem [karikaturane], har de fungert som produktive provokasjoner … 'Var det så lurt?' blir avsendere av provokative bodskap ofte spurt når de blir konfrontert med dramatiske virkninger av sine uttalelser.
Og svaret er ofte ja.”

Jaså.

Redaktøren av Magazinet, Vebjørn Selbekk, har uttala (ifølgje Vårt Land 11. januar): ” – I likhet med Jyllands-Posten er jeg bekymret for den innskrenkningen av ytringsfriheten som pågår. … Redaktør Vebjørn Selbekk mener at frykten for represalier har ført til en snikinnskrenkning av også den norske ytringsfriheten i spørsmål som vedrører islam, noe som er problematisk i en tid der muslimer og kristne skal leve sammen.”

Ytringsfridom er viktig, det er BlixBlog og Magazinet heilt samde om. Det er neppe noka juridisk hindring for å publisere teikningar av Muhammad i det liberale Noreg, det måtte i så fall vere blasfemiparagrafen. Den er i praksis død, og eg noterer med interesse at den konservative kristne avisa Magazinet med dette har gjeve sitt bidrag til gravferda.

Det har vore andre oppslag om ytringsfridom i seinare tid. "Kor e alle helter hen", spurde Jan Eggum i si tid. No veit vi svaret: Dei er ute og forsvarer ytringsfridommen. Det er interessant å samanlikne kristenredaktør Vebjørn Selbekk sitt heroiske forsvar for ytringsfridommen med pornoredaktør Stein-Erik Mattsons tilsvarande heroiske kamp for same fridom – les: til å få fjerna pornosladden. Det siste har Selbekk liten sans for.

Men mest av alt minner utspelet til Vebjørn Selbekk meg om ein gutesport som i mitt nabolag blir kalla ”Ringjepiggen”: Du ringjer på ei framand dør. Når nokon opnar, stikk du av og ser om du greier å få nokon til å springe etter deg.

Det er kan hende også ei ytring innanfor ramma av ytringsfridommen. Men det er lov å vere høfleg.

Nei, denne tiraden har ikkje noko med Elias Blix å gjere. Men Blix kjende ikkje berre sin Bibel. Han kjende også sin Koran, etter fleire års arabiskstudium. Dessutan var han med på å arrangere den store orientalistkongressen i Stockholm og Kristiania i 1889, med deltaking av fleire muslimske lærde og offisielle representantar. Det skal eg kome attende til ein annan gong.
# lagt inn 29.1.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?