<$BlogRSDUrl$>

1.1.06

Nyttår 

Det vælsignad Jesu Namn
Kjennest best i verste Røyni,
Leider gjenom villast Øydni
Lika inn i Himmel-Hamn.
Denne Sol i Grav ei glader,
Nei daa fær ho likast Lag:
Klaart ho lyser myrke Stader,
Daudenatt verd ljuvast Dag.

So ho skin fraa Jol til Jol
Med uminkad Glans og Rode;
For Guds Kjærleik og hans Naade
Ero Straalar i den Sol:
Or Guds Hjarta er ho runni,
Som hans Kjærleik evig varm,
Som hans Naade ubrigd funni,
Klaar som Augat utan Harm.

---------------
"Gamleaaret seig i Hav", Nokre Salmar (Kristiania: Samlaget, 1869) s. 5-7

BlixBlog ønskjer alle eit godt nytt år med eit par strofer frå den første versjonen av nyårssalmen "Gamleaaret seig i hav".

Nyttårsforsett er eg prinsipiell motstandarar av. Men eg har sjeldan hatt så tydelege målsetjingar for eit kalenderår. I 2006 planlegg eg

a) å fullføre manuskriptet til biografien om Elias Blix
b) å fullføre omsetjinga av profeten Jesaja, Bibelens nest største bok (saman med Jon Fosse og Sverre Bøe).
# lagt inn 1.1.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?