<$BlogRSDUrl$>

10.3.06

Dagens Blix 

Dagsens Auga sloknar ut.
Kveldsol ned i Vester glader.
Skuggen stig fraa Dal til Nut.
Myrkret sigrar alle Stader.
Jesus, Hjartans Sol og Skatt,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Kvar ei Kveldstund, naar eg fer
Etter Dagsens Strid til Kvila,
Ver meg med din Naade nær,
Lat di Aasyn til meg smila!
Lat du mildt mitt Auga att,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Lys du yver meg din Fred,
Jesus, ver mi Sol og Stjerna!
Livssol, som gjeng aldri ned,
Meg mot Myrkers Hugskot verna!
Stjerna, yver Huset statt,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Naar mi Livssol sig i Hav,
Og eg under Mold skal sova,
Lys meg daa igjenom Grav!
So eg skal i Ljos deg lova.
Du, som Myrkers Magter batt,
Jesus, lys i Daudens Natt!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 150

Testament: Denne salmen skal syngjast i mi gravferd.

Og det skal vere på originalmelodien, "Jesus er mitt håp, min trøst" i utjamna utgåve. Det er denne Blix-salmen som ligg bak Fartein Valens bruk av tonen i slutten av fiolinkonserten, til minne om ein ung avdød slektning.

Og her sluttar Elias Blix' Nokre Salmar. Talet er kome opp i 150, like mange som i den bibelske salmeboka.

Han skriv nokre til i løpet av dei siste ti leveåra sine, i 1900 kjem Salmar og Songar.

Blix førre veke
Salmen som .pdf-fil
Norsk Salmeleksikon nr. 302
# lagt inn 10.3.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?